Neida, vi har ikkje gått i dvale på Fjelltun, og vi har ikkje mista kontakten med verda. Det er bare det at bloggen har blitt litt nedprioritert midt oppi alt det kjekke vi gjer. Men no er det vel på tide å komme tilbake til litt bloggliv etter kvart og?
I januar fekk eg ein 10-dagers tur til Hongkong og inne i sjølve Kina. DET var ein flott tur! Eg reiste for å sjå kva misjonsprosjektet vårt skal gå til. Det er eit prosjekt som først og fremst støttar Opplæringssenteret i Nanyang, og i forbindelse med det eit litteraturprosjekt, gjensidige besøksreiser for å lære og bli inspirert, og ein del stipend.
Her er nokre bilete frå turen

Ein moderne stoooorby!

På bussen frå flyplassen til Hong Kong

Fotografering i Lauhekou

Her er vi i full gang med å "lage"/ete hotpot.

Surmjølkssuppe med nudlar og diverse tilbehør -ein delikatesse i Nanyang!

Opplæringssenteret i Nanyang som er misjonsprosjektet vårt i år.

5 av 70 elevar på opplæringssenteret.

På gudsteneste tidleg søndag morgon.

Gudsteneste i 5 minusgrader -inne!

Eg kapra ein sykkeltaxi i Zhengzhou.
Lik dette:
Bli den første til å like denne artikkelen.
Om Fjelltun Bibelskole
Hei, vi har valgt å gå ett år på bibelskole i Stavanger. Bli med oss og se hva som skjer...
Dette innlegget ble publisert i
Nyheter. Bokmerk
permalenken.